song lyrics / Arne Garborg / Den snilde guten lyrics  | FRen Français

Den snilde guten lyrics

Performers Arne GarborgØyonn Groven Myhren

Den snilde guten song lyrics by Arne Garborg official

Den snilde guten is a song in Norwegian

Det er han Jon som gjætte her til no,
den eldste son hans Åmund uppi bròte
dei øygnar garden langt burti ei to
som hev seg inn i bratte berge skoti.
No er han glad for her han skal ifrå
han er alt vaksin og skal ut og slå.

No skal han fylgje denne fyrste ykti
og vise henne veg og merke-leid,
so ho kann kjenne denne ville heid
som aldri noko folk hev butt hell bygt i.
Med nye buskap må ho og bi kjend
til framand seint vert dyrehugen vend.

So driv dei buskap fram i morgon klåre
i luft so rein som aldri fyrr ho såg
det er som urd og koll forsona låg
i glans av dette ljos frå himlen bòri.
Ho ser på Jon med mjuke augnelag.
At dreng kann vera ven ho veit i dag.

Med undring høyrer han det store ord,
at um han tagnad tru vil ærleg lova,
so er ho sjølv av desse få på jord,
som hev den underfulle synegåva.
Han gjev si hand. Av vyrdnad er han fyllt.
Og alt ho no fortèl. Han er som tryllt.

So lid det til dei tenkje må på klokka.
Det er alt seint ho er visst mote sju.
For siste gong han helsar sau og ku
og kjæler kjærleg for den blide Dokka.
So må han gå. Åleine stend ho der.
Men Dokka fekk frå same stund ho kjær.
Lyrics copyright : legal lyrics licensed by Lyricfind.
No unauthorized reproduction of lyric.

Comments for Den snilde guten lyrics

Name/Nickname
Comment
Copyright © 2004-2024 NET VADOR - All rights reserved. www.paroles-musique.com/eng/
Member login

Log in or create an account...

Forgot your password ?
OR
REGISTER
Select in the following order :
1| symbol at the top of the envelope
2| symbol to the right of magnifying glass
3| symbol to the left of the target
grid grid grid
grid grid grid
grid grid grid