paroles de chanson / Geirr Lystrup parole / To tanter dansar tango lyrics  | ENin English

Paroles de To tanter dansar tango

Interprète Geirr Lystrup

Paroles de la chanson To tanter dansar tango par Geirr Lystrup lyrics officiel

To tanter dansar tango est une chanson en Norvégien

Ja, alle håpar vi at verda står til påske
Og optimistar legg på eit par måna´r til
Men etter det eg såg i jula
Har eg mista barnetrua
No går verda rett på dunken, ingen tvil

For her frå gluggen har eg sett det aller meste
Og alskens vanvidd har eg takla som ein mann
Men kom og tøyg deg opp på tå
Kikk bak gardina sjøl og sjå
Ja, kan du fatte og begripe slikt går an!

To gamle tanter dansar tango i den lange lyse natt
Ein flat og fotsid tango under kjoleliv og hatt
Med kinn mot kinn og trinn for trinn
Dei dansar natta ut og dagen inn
To tanter dansar tango tango dag og natt

Du ser teater kvar du snur deg har i gata
Og sterke scener blir det fleir og fleire av
Ei diger bikkje skit i porten
Og ei dame sklir i lorten
Mens ein hundeeigar skundar seg avstad

Og gjennom TV-ruta vinkar Dalai Lama
To presidentar klappar same svarte katt
Ja, verda er ein stor vulkan
Frå Panama til Pakistan
Men det som gjev meg is i magen det er at

To gamle tanter dansar tango i den lange lyse natt
Ein flat og fotsid tango under kjoleliv og hatt
Med portvin bak det døve øret
Med smil om munn og augo att
To tanter dansar tango tango dag og natt

To gamle tanter dansar tango i den lange lyse natt
Ein flat og fotsid tango under kjoleliv og hatt
Får verda sjå det vi har sett
Kan verda glømme påska rett og slett
To tanter dansar tango tango dag og natt"
Droits parole : paroles officielles sous licence Lyricfind respectant le droit d'auteur.
Reproduction des paroles interdite sans autorisation.

Commentaires sur les paroles de To tanter dansar tango

Nom/Pseudo
Commentaire
Copyright © 2004-2024 NET VADOR - Tous droits réservés. www.paroles-musique.com
Connexion membre

Se connecter ou créer un compte...

Mot de passe oublié ?
OU
CREER COMPTE
Sélectionnez dans l'ordre suivant :
1| symbole en bas de l'enveloppe
2| symbole à gauche du nuage
3| symbole à droite du cadenas
grid grid grid
grid grid grid
grid grid grid