song lyrics / DesiBelle / Jeriko lyrics  | FRen Français

Jeriko lyrics

Performer DesiBelle

Jeriko song lyrics by DesiBelle official

Jeriko is a song in Norwegian Nynorsk

Dei trudde ingenting kunne skje
livet var for godt til det
Dei hadde mura seg inn
og levde roleg i fred

Dei hadde pengar og alt dei trong
einsa ikkje naud eingong
Dei kjende ikkje til alt
som hende utanfor

Korleis trur du det var å stå og kaste ball innanfor
Jerikos murar
Jerikos murar
Korleis trur du det var å stå og kaste ball innanfor
Jerikos murar
Jerikos murar
Er det det vi gjer?

Dei hadde vener rundt same bord
levde godt som søster og bror
Dei følgde sola sin gang
og gjekk i kjende spor

Dei gode dagane kom og gjekk
planla ikkje neste trekk
Dei trudde ingenting på
at muren fekk seg ein sprekk

Korleis trur du det var å stå og kaste ball innanfor
Jerikos murar
Jerikos murar
Korleis trur du det var å stå og kaste ball innanfor
Jerikos murar
Jerikos murar
Er det det vi gjer?
Er det det vi gjer?

Men kva gjer vi når alle murar rasar?
kor opne er våre sinn?
kor langt når andre inn i våre hagar?
kva inntrykk vil vi ta inn?

Korleis trur du det var å stå og kaste ball innanfor
Jerikos murar
Jerikos murar
Korleis trur du det var å stå og kaste ball innanfor
Jerikos murar
Jerikos murar
Er det det vi gjer?
Lyrics copyright : legal lyrics licensed by Lyricfind.
No unauthorized reproduction of lyric.

Comments for Jeriko lyrics

Name/Nickname
Comment
Copyright © 2004-2024 NET VADOR - All rights reserved. www.paroles-musique.com/eng/
Member login

Log in or create an account...

Forgot your password ?
OR
REGISTER
Select in the following order :
1| symbol to the right of the suitcase
2| symbol to the right of the cross
3| symbol at the bottom of the padlock
grid grid grid
grid grid grid
grid grid grid